Innlegg

Overgang mellom levegg og buksbomhekk.

Bilde
Det er ikkje alltid overgangene blir så fine. Her er ein overgang mellom levegg til gjerde , som det også er planta buksbom hekk langs. Men pga fjell nådde ikkje hekken fram til leveggen. Det partiet har no fått tre potter. Oppi pottene veks stauder som har klart seg der i fleire år. Hosta, daglilje og gras. Litt steinpynt så er den hageglade meg fornøyd 😄  Glad hagehelsing fra Torill. 💚

Mose eller fjell?

Bilde
Liker mose i hagen eg . Kan vera fint det. Eg liker fjell, berg og stein og.  Etter mange år uten å spyla fjell og stein med høgtrykkspyler var det heilt klart at mosen var i ferd med å ta over. Her måtte eg i gang med harde tiltak . I år måtte mosen vika plassen for lyse berg og fjell.  Krev mykje opprydding etterpå. Mykje mose i grusgangane mine, som ikkje er heilt enkelt å få vekk. Har fabulert litt rundt om det kanskje kunne vore godt å gå på mose kledde singelganger, i alle fall utan sko på beina 😉 God hagehelsing frå Torill

I gang igjen .

Bilde
Ein gang var eg ein nokså flittig hageblogger. Av fleire grunner vart det stopp. No prøver eg igjen. Mykje må lærast på nytt, men no er eg i gang. Trur eg. Bileta er henta frå Hagen i kveld. Ellers blir nok dette mest eit prøveinnlegg.  God hagehelsing frå Torill